Infidels

Infidels
Studioalbum av Bob Dylan
Språk engelsk
Utgjeve 27. oktober 1983
Innspelt April til mai 1983
Studio The Power Station i New York
Sjanger Heartland rock
Lengd 41:39
Selskap Columbia
Produsent Bob Dylan, Mark Knopfler
Bob Dylan-kronologi 
Shot of Love
(1981)
Infidels Real Live
(1984)


Singlar frå Infidels
  1. «Union Sundown[1]»
    Utgjeve: Oktober 1983
  2. «Sweetheart Like You[2]»
    Utgjeve: Desember 1983
  3. «Jokerman[3]»
    Utgjeve: December 1983 (Storbritannia), April 1984 (USA)
  4. «I And I[4]»
    Utgjeve: 1983
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[5]
Robert ChristgauB-[6]
Entertainment WeeklyA-[7]
MusicHound3/5 stars[8]
Paste(Positive)[9]
Rolling Stone4.5/5 stars[10]

Infidels er det 22. studioalbumet til Bob Dylan og kom ut på Columbia Records i oktober 1983.

Det var produsert av Mark Knopfler og Dylan sjølv og var det første albumet på nokre år der Dylan berre skreiv verdsleg musikk etter at han konverterte til kristendom og gav ut tre evangeliske gospelplater. Sjølv om han aldri offentleg forsaka trua si eller forlet religiøse bilete, fekk Infidels mykje merksemd på grunn av meir personlege tema som kjærleik og tap, i tillegg til kommentarar om miljøspørsmål og geopolitikk.

Albumet fekk betre mottaking enn på mange år for Dylan og vart stort sett hylla for dei gode låtane og den gode framføringa. Albumet gjorde det òg forholdsvis bra kommersielt og selde til gull i USA, der det nådde 20. plassen. I Storbritannia nådde det 9. plassen, medan det i Noreg gjekk heilt til topps. Likevel var mange tilhengjarar og kritikarar uroa over at fleire songar vart fjerna frå albumet like før det vart mastra, mellom anna «Blind Wille McTell», som mange kritikarar har trekt fram som eit av høgdepunkta i karrieren til Dylan. Denne songen kom først ut på The Bootleg Series Volumes 1–3 åtte år seinare.

  1. «Bob Dylan - Union Sundown». 45cat.com. Henta 3. desember 2018. 
  2. «Bob Dylan - Sweetheart Like You». 45cat.com. Henta 3. desember 2018. 
  3. «Bob Dylan - Jokerman». 45cat.com. Henta 3. desember 2018. 
  4. «Bob Dylan - I And I». 45cat.com. Henta 3. desember 2018. 
  5. lenkje
  6. Robert Christgau
  7. Flanagan, Bill (29. mars 1991). «Dylan Catalog Revisited». EW.com. Henta 3. desember 2018. 
  8. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide (2nd utg.). Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 371. ISBN 1-57859-061-2. 
  9. [1]
  10. Connelly, Christopher (November 24, 1983). «Infidels Album Review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 13. juni 2018. Henta 20 November 2013. 

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search